Sunnmørsmunken

Paul Otto Brunstad , Ole-Christian Bråten

Ein mangfaldig mann rundar ein milepæl. Prest, prost, salmediktar og dominkanar. Åndsmenneske, studentheimstiftar, debattant. Og ikkje minst ven.

Denne boka er eit gjensvar, eit slags gleda sitt ekko frå menneske som på ulike måtar har lært Arnfinn Andreas Haram å kjenne. Eit skrift i takksemd for alt han har vore for så mange, på ulike stadar og stadium i livet, for vakker liturgisk song og leik for alteret, for dikta og salmane. Men også for treffande og ofte bitande kommentarar, for provokasjonar og diskusjonar, så vel som omsorg og omtanke i tunge stunder. Alt dette, og meir til, som vi har lært å setje pris på hjå Arnfinn.

Bidragsytere i boka er Ingebrigt Huse Austnes, Bjørgulv Braanen, Paul Otto Brunstad, Hans Fredrik Dahl, Bernt Eidsvig, Olav Hovdelien, Jon Hustad, Eskil Skjeldal, Johannes Kleppa, Ståle J. Kristiansen, Hanne Andrea Kraugerud, Ottar Mikael Myrseth, Torbjørn Olsen, Ingolf Håkon Teigene og Gudmund Waaler.

Skriftet er gitt ut i samarbeid mellom Sta. Sunniva Studenthjem og Efrem Forlag. Arnfinn var studentkollektivet sin første husfar. Eit fellesskap som tolv år etter oppstarten enno ber med seg noko av den rytme og puls som alltid har prega Arnfinn sitt trusliv. Bøn og messefeiring, samtalar og diskusjonar, alt dette og meir til har frå første stund høyrt naturleg heime under det skrå taket i Eirik Pontoppidansgate 8 i Bergen.

Vår von er at ikkje berre Arnfinn sjølv skal ha glede av dette skriftet, men også at lesaren kan finne glede i tekstane, til ettertanke og inspirasjon. I denne buketten av bidrag er nokre personlege, andre meir fagleg orienterte. Det faglege likevel inspirert av område som Arnfinn sjølv har brote med i tanke, tru og praksis.